Gary Neville meiner at Ole Gunnar Solskjærs formasjonsskifte mot Tottenham var genialt. Han ser gjerne meir rutine på banen samtidig for Manchester United.
Det forklarer den tidlegare Manchester United-backen i ei spalte for Sky Sports. Han meiner den nye løysinga med stoppartrioen Harry Maguire, Raphaël Varane og Victor Lindelöf kan fungere for eit United-forsvar som har sleppt inn mange mål i det siste.
Neville trekkjer spesielt fram forskjellane frå 0-5-tapet for erkerival Liverpool.
– Det var eit mykje trongare United mot Tottenham enn mot Liverpool. Hola som rivalane deira blottla sist, var ikkje å sjå mot Tottenham, påpeikar Neville.
Laurdag hadde ikkje Tottenham så mykje som eitt einaste skot på mål. Det er uvant kost for Solskjærs mannskap, som lenge har slite med å halde motstandarlag unna avslutningar mot United-buret.
– Vi har sagt i fleire veker og månader at dette United-laget presterer i augneblinkar, men ein må ha eit godt grunnlag med eit godt forsvar, sa Neville etter kampen.
Han meiner òg at laget vil prestere betre av å ha fleire rutinerte spelarar på banen.