Snø-bekymring for OL-anlegg

Les hele artikkelen

Ein geograf slår alarm om miljøet i alpinanlegget der dei olympiske konkurransane skal gå under Beijing-OL i februa.
– Dette kan bli det minst (miljømessig) bærekraftige OL i historia, for det er i praksis ingen snø i området, seier geograf Carmen de Jong ved univeritetet i Strasbourg, ifølgje insidethegames.
Årsaka er dei enorme mengdene med kunstsnø som må produserast.
Sist vinter var det berre to centimeter snø frå januar til mars. Rapportar konkluderer med at det trengst 220 millionar liter vatn for å produsere nok kunstsnø til alpinøvingane. 200 kanoner skal lage snøen, og det trengst store leidningar frå vassreservoara.
Også i Pyeongchan i 2018 var nærmare 90 prosent av snøen i alpinanlegga kunstsnø.