Liverpool-manager Arne Slot likte dårleg det han såg av Darwin Núñez etter supermissen i Premier League-møtet med Aston Villa onsdag.
Nunez kunne sendt Liverpool framfor med 3–2 og sikra sigeren på Villa Park, men sette ballen høgt over da målet stod gapande opent.
Liverpool-manager Arne Slot seier han kan akseptere ein bom og peikar på at Nunez har scora fleire viktige mål tidlegare denne sesongen.
– Det som var litt vanskelegare å akseptere, var oppførselen hans etter bommen. Eg trur den gjekk litt for mykje utover hovudet hans. Han var ikkje den vanlege Darwin som jobbar sokkane av seg, seier nederlendaren.
Utsegna er omtalt av Sky Sports.
– For meg handlar det ikkje om den sjansen. Det er heller dei 20 minuttane som følgde etterpå eg ønsker å snakke med han om, legg Slot til.
2-2-kampen onsdag betyr at Arsenal kjem litt nærmare i tittelkampen i Premier League.
Sundag skal Liverpool ut mot Manchester City på bortebane.