Bjørn Magnussen sette personleg rekord på 500 meter og vann B-gruppa i verdscupen på skøyter i Calgary søndag i samløp med verdsrekordhaldar Pavel Kulitzjnikov.
Magnussen fekk tida 34,36, ein tidel betre enn hans gamle rekord. Han slo Kulitzjikov med fire hundredeler. Kulitzjnikov blei nummer to.
Magnussons tid var betre enn det Håvard Holmefjord Lorentzen fekk i A-gruppa. Den regjerande OL-meisteren blei berre nummer 19 med 34,65.
Russiske Viktor Musjtakov vann løpet med 33,90.