Skuffa Øverland: – Det var tungt

Les hele artikkelen

Ida-Louise Øverland (17) stod laurdag klar på den raude matta på Olympiastadion i Tokyo, klar til å kjempe om ein finaleplass på 200 meter.
Det blei litt for tøft. Den unge jenta sprang inn på tida 27.36 og det haldt til ein femteplass. Dermed kvalifiserte ho seg ikkje til finalen.
– Det var tungt. Eg kjente at syra kom på slutten, og da hadde eg ikkje meir å gå på. Det er ei tid eg ikkje er fornøgd med, og skulle absolutt ynskje at eg var nærare personleg rekord, seier Øverland skuffa til NRK etter løpet.
Marina Lisbeli Andrade sprang først i mål på tida 24.53. Det vart personleg beste frå kvinna frå Venezuela.