Skjerpar korona-krava

Les hele artikkelen

I kjølvatnet av at 13 spelarar og leiarar i Tottenham er smitta av korona, har Premier League bede alle klubbane skjerpe smittevernet.
Tottenhams kampar mot Rennes (serieligaen i går) og Brighton (Premier League komande søndag) er utsette på grunn av smitten.
Klubbane har nådd 85 prosent vaksinegrad, og har derfor letta litt på restriksjonane. No skal dei strammast til igjen, mellom anna med auka bruk av munnbind på treningsområde, og meir administrativt arbeid heimanfrå, skriv lokalavisa Brighton and Hove Independent.
PL ber også publikum om å halde seg til skjerpa nasjonale reglar.