Politiet ventar at mange PSV-supporterar reiser til Bodø utan billett før torsdagens europaligamøte. Det blir teke høgde for at ikkje alle har «gode intensjonar».
Det skriv politiet i Nordland.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har pålagt PSV forbod mot å selje billettar til bortekampen mot Bodø/Glimt. Straffa kjem som følgje av supporterbråket i PSVs møte med Arsenal sist torsdag.
Nederlendarane blei også bøtelagt med 40.000 euro (413.000 kroner). Uefa grunngav bota med at PSV-tilhengjarar skal ha kastet gjenstandar, skapt forstyrringar i folkemengder og gjort øydeleggjande handlingar på kamparenaen.
Torsdag gjester PSV Aspmyra i Bodø. Det får politiet til å vere på vakt.
«I forkant av kampen er det venta at bortelagets supporterar vil følge laget sitt til Bodø, trass i at Uefa har nekta PSV å selje billettar til bortekampen mot Bodø/Glimt», skriv politiet.
«Politiet vil ha økt synleg og ikkje synleg nærvær – både før, under og etter kampen», heiter det i meldinga.