Tobias Dahl Fenre, smørjesjefen for dei norske skiskyttarane, har testa positivt for covid-19, melder skiskyttarforbundet i ei pressemelding.
Han reiste nedover til Ruhpolding sist måndag etter 13 dagar i isolasjon, og med tre negativer hurtigtestar. Han hadde også teke ein PCR-test, men resultatet var ikkje klart før avreise.
Også i Ruhpolding testa han negativt to gonger, før han avgav testen som viste seg å vere positiv. Deretter blei han sett i isolasjon.
– Det er liten sjanse for at han er smitteberande, basert på kunnskapen som føreligg.
– Det er ein underleg situasjon. Vi må ta det til etterretning, og håpe at vi får han tilbake i jobb snarast mogeleg, seier Ola Berger, landslagslege for Norges Skiskytterforbund.
Han og teamet har følgt IBU sine prosedyrer og rutiner, men tilfellet er ekstraordinært, står det i pressemeldinga.