Skarstein grrit til VM-finale

Les hele artikkelen

Birgit Skarstein (33) hadde ingen problem med å ta seg direkte til finalen i singlesculler under VM i roing i tsjekkiske Racice.
Ho rodde inn til tida 10.16,29. 33-åringen var over 12 sekund føre franske Nathalie Benoit, og 42 sekund føre Samuel Moran frå Israel.
Finalen i parasinglesculler for kvinner går søndag.
Pararoaren frå Levanger har ikkje tapt på seks år, og ho har vunne 28 internasjonale konkurransar sidan fjerdeplassen i paralympics i Rio 2016. Ei endring i klassifiseringa, der også utøvarar som kan bruke beina kan delta, har gjort at konkurransen truleg blir skjerpa i åra framover.
Skarstein har vunne eitt gull i Paralympics, tre VM-gull og eitt EM-gull. Ho har rodd distansen på 9.50,39, som er bestenotering i verda.