Høg inflasjon uroar Red Bull-topp Cristian Horner. Han fryktar mange lag vil slite med å halde budsjettaket og må droppe fleire Formel 1-rundar til hausten.
Han hevdar over halvparten av dei ti F1-laga vil få trøbbel med å halde kostnadene nede. Årsaka er auka prisar på omtrent alt.
– Sju av laga kan truleg ikkje delta i sesongens fire siste Grand Prix-løp med det budsjettaket som er innført i år. Det handlar ikkje berre om dei store laga, men også laga i midten av feltet kjempar veldig med inflasjonen, seier Horner til BBC før helgens VM-runde i Monaco.
– Straumrekningar, levekostnader og kostnader generelt stig. Formel 1 er ikkje eit unntak for dette. Fraktprisane er blitt firedobla, og det er ikkje noko vi har kontroll over, legg Red Bull-sjefen til.