Den svenske veteranen Sarah Sjöström tok fredag sitt fjerde strake VM-gull i 50 meter butterfly og sitt 18. individuelle VM-gull.
Ho vann med tida 24,95 i langbanebassenget i Budapest og var heile 36 hundredelar framfor Melanie Henique frå Frankrike. Zhang Yufei frå Kina tok tredjeplassen 37 hundredelar bak svensken.
– Det kjennest heilt fantastisk. Eg har vore i verdseliten i 50 meter butterfly i veldig mange år og i mange andre disiplinar òg, sa ho då ho møtte pressa med gullmedaljen rundt halsen.