Det norske kvinnelandslaget i fotball skal møte England 15. november. I EM-et i sommar enda kampen med eit forsmedeleg 0-8-tap.
Norges Fotballforbund (NFF) opplyser at kampen skal spelast på spansk jord. England vann EM etter mellom anna å ha slått det norske laget heile 8-0 i gruppespelet.
I oktober er det sett opp treningskampar mot Brasil og Nederland.
– Å få møte dei me antek er dei beste og få testa oss på det vi jobbar med, er viktig for oss og noko vi er glade for å få moglegheita til, seier landslagssjef Hege Riise.
Noreg skal spele ytterlegare éin kamp til i november. Det er ikkje klart kven det blir mot enno.