Grigor Dimitrov leia 2–0 over verdseinar Jannik Sinner i 4.-rundekampen i Grand Slam-turneringa Wimbledon, men måtte trekke seg med skade.
Kampen var i tredje sett då Dimitrov tok seg til armen etter ein serve. Bulgararen fekk i etterkant medisinsk tilsyn, men kunne ikkje halde fram.
Dimitrov hadde fram til då storspela mot Sinner med 6–2 og 7–5 i dei to fyrste setta.
– Det er veldig trist. Vi ynskjer han alt det beste framover, sa Sinner.
I kvartfinalen skal Sinner møte amerikanske Ben Shelton.
(NTB)