Norge spela seg til både tap og siger i curling-VM for menn i Las Vegas i natt.
Den første kampen gav stortap med 3-9 for Sveits. Halvveges stod det 2-2, men tre poeng til Sveits i sjette omgang og fire i den åttande avgjorde det heile, og Magnus Ramsfjells lag avslutta kampen.
Eit par timar seinare var det Nederland som var motstandar, og her slo Norge sterkt tilbake.
Allereie i tredje omgang scora Norge fem poeng, og halvveges i kampen stod det 8-1. Nederland tok to poeng i dei to neste omgangane, men gav seg etter den sjuande, og let Norge vinne med 8-3.
Magnus Ramsfjell og hans lagkameratar har vunne tre og tapt fire kampar så langt, og ligg på delt åttandeplass blant 13 lag.
Neste motstandar er Finland, ein kamp som tek til klokka 23 i kveld.