Johannes Høsflot Klæbo slit framleis med den plagsame lårskaden. Det er ikkje sikkert langrennsstjerna rekk sesongstarten på Beitostølen.
– Det er usikkert om han kjem seg til start på Beitostølen. Vi vil ikkje ta sjansar, og det er VM i Planica (februar/mars) som er hovudmålet, seier landslagstrenar Arild Monsen til Adresseavisen.
Sprinttrenaren seier vidare at det knyter seg tvil til om Klæbo i det hele tatt kan gå skirenn når sesongen startar.
– Det er uaktuelt å ta sjansar med ekstrembelastningar, seier han.
Opningsrennea på Beitostølen går 18. til 20. november.