Fredagens sprintrenn på Beitostølen kan bli avlyst som følgje av dårlege vermeldinger, melder Adresseavisen.
Prognosane viser at det skal blåse kraftig på skistadion. Meteorologisk institutt melder at vindstyrken kan kome opp i 17 meter i sekundet – noko som svarar til sterk kuling. Enkelte vindkast kan bli på hele 31 m/s.
– Vi vurderer alt no, seier Torbjørn Broks Pettersen til Adressa.
Han er rennleiar på Beitostølen. Det er venta meir informasjon om situasjonen etter lunsjtider torsdag.
Sprintrennet skal vere den første konkurransen i den norske langrennssesongen.