Scora sitt første mål i Skottland

Les hele artikkelen

Sondre Solholm Johansen (27) scora sitt første mål i skotsk fotball då han heada inn målet som gav Motherwell 1-0 i bortekampen mot Dundee United.
Forsvarsspelaren kom til Motherwell frå Mjøndalen i fjor sommar, men først i hans 40. kamp for klubben scora han. Om vi ser bort frå sjølvmålet i ein kamp i førre sesong.
Headinga etter 22 minutt gjekk rett på Dundees keeper, men keeperen mista ballen som spratt i mål.
Johansen har starta alle ligakampane for Motherwell i år. Klubben ligg på sjetteplass av dei 12 klubbane i ligaen.