Ikkje mange norske fotballspelarar har scora framfor fleire tilskodarar enn det Caroline Graham Hansen gjorde fredag kveld – 91.648.
Men det har skjedd. «Bronselagets» Arne Brustad scora i Norges 1-3-tap for Italia i semifinalen i OL i 1936, og han følgde opp med tre mål i 3-2-sigeren over Polen i bronsefinalen. Begge kampane gjekk på Olympiastadion i Berlin med 95.000 på tribunane.
Det norske landslaget for kvinner har også spela for mykje folk. Bronsefinalen i VM i USA 1999 samla 90.185 tilskodarar i Rose Bowl i Pasadena – altså berre rundt 1500 færre enn dei som følgde Graham Hansen frå tribuneplass i kveld.
Men då var det ingen som scora i kampen. Den enda 0-0, og måtte avgjerast på straffer.
Det er likevel langt att til tidenes kvinnerekord. Den er litt unøyaktig, men mellom 110.000 og 112.000 frå den uoffisielle VM-finalen i Mexico by i 1971, der danske Susanne Augustesen gjorde hat-trick i Danmarks 3-0-siger over Mexico.