Sander Thoresen med to mål i landslagssiger

Les hele artikkelen

Sander Thoresen og Mikkel Øby-Olsen scora to mål kvar då Noreg slo Danmark med 4–0 i landslagsturneringa i ishockey.
Tobias Johanssons første kamp som norsk landslagssjef starta med 3–6 for Latvia torsdag, i ein kamp der nordmennene dominerte skotstatistikken, men effektiviteten stod ikkje helt i stil.
Laurdag fekk Noreg ein god start mot erkerival Danmark. Thoresen sette i pucken i mål på eit skot frå kanten. Den tidlegare Frisk Asker-duoen Eskil Wold og Viktor Granholm sto for forarbeidet.
I midtperioden rauk danskane på ei fem minutts utvising. Thoresen sette 2-0, medan Mikkel Øby-Olsen auka til 3–0 kort etter. Da hadde Thoresen assist.
Øby-Olsen sto for tredjeperiodens einaste mål.
– Turneringa viser at vi har tru på framtida og spelarar som har viljen til å stå på. Eg ser verkeleg fram mot neste samling i desember med dette laget, sa Johansson til TV 2.