Det nordiske idrettsleiarmøtet seier nei til å la russiske og belarusiske utøvarar konkurrere internasjonalt igjen.
«Vi ber den olympiske og paralympiske idrettsrørsla og alle internasjonale sportsorganisasjonar å halde fram med å vise solidaritet meddet ukrainske folk og kravet om fred. Vi gir vår fulle støtte til å nekte russiske og belarussiske utøvarar og leiarar i internasjonal idrett», heiter det i pressemeldinga frå det nordiske idrettsleiarmøtet i Oslo.
Alle nordiske OL-komitear, paralympiske komitear og idrettsforbund var representert på møtet, og står samla bak kravet.
Utspelet kjem dagen etter at det internasjonale skiforbundet FIS sa at dei vurderte å la russiske og belarussiske utøvarar starte i konkurransar i komande sesong.