Britiske BBC tar til store ord om Johannes Høsflot Klæbo etter sigeren i lagsprinten i OL.
– Sprintkongen leverer igjen. Kruninga av han er komplett, den største, den største gjennom tidene, skriv kommentator Rob Walker i BBCs OL-blogg.
Han har dekka vinteridrett i OL for BBC sidan 2010.
– Dette var berre fenomenalt frå ein fenomenal utøvar. Johannes Klæbo gjer det med klassen vi blei vant til med Usain Bolt. De ser ein veldig, veldig spesiell idrettsutøvar. Han veit ganske enkelt ikkje korleis det er å tape i sprint.
Klæbo hadde med seg Erik Valnes på laget, og han gjorde ein strålande grovjobb.
Klæbo er oppe i fem OL-gull saman med Thomas Alsgaard og har berre Bjørn Dæhlie (åtte) framfor seg på titteltoppen blnat mennene.