Sander Sagosen og Erik Thorsteinsen Toft er begge ute med skader, men er med i debututtaket til Jonas Wille som norsk landslagssjef i handball.
Han presenterte troppen på ein seanse i Skien onsdag. Willes første kampar som Noreg-sjef er mot Slovakia i Larvik 13. oktober og borte mot Finland tre dagar seinare.
Begge er ein del av kvalifiseringa til EM-sluttspelet i 2024.
Berre to målvakter er tatt ut til dei første kvalikkampane: Torbjørn Bergerud (Kolstad) og Kristian Sæverås (Leipzig). Dette er resten av troppen:
Bakspelarar: Kent Robin Tønnesen (Szeged), Harald Reinkind (Kiel), Christian O’Sullivan (Magdeburg), Sander Sagosen (Kiel), Simen Holand Pettersen (Skjern), Gøran Johannessen (Flensburg), Magnus Abelvik Rød (Flensburg), Sander Øverjordet (Kolding), Erik Thorstein Toft (Kolding), Vetle Eck Aga (Kolstad), Tobias Grøndahl (Elverum), Eivind Tangen (Skjern), Mario Matic (ØIF Arendal)
Kantspelarar: Sebastian Barthold (Aalborg), Kristian Bjørnsen (Aalborg), Kevin Gulliksen (Göppingen), Sindre Heldal (Elverum)
Linjespelarar: Magnus Gullerud (Kolstad), Petter Øverby (Kiel), Thomas Solstad (Bjerringbro-Silkeborg).
Wille blei i sommar tilsett etter Christian Berge. Østfoldingens kontrakt som landslagssjef varer til 2026.