Casper Ruud blei slått av britiske Ryan Peniston i sin første kamp i Queens-turneringa på gras i London etter tap i to tiebreak.
Den tre år eldre Peniston er nummer 180 på verdsrankinga. Ruud var toppseeda i turneringa.
– Eg kan ikkje tru det. Det kjennest som ein draum, sa Peniston, som aldri før har vore i hovudtablået i ei ATP-turnering.
Første sett gav ingen brot-ballar og gjekk til 6-6, før briten vann tiebreaket 7-4.
I andre sett følgedst dei til 3-3. Så braut Ruud til 4-3, men Peniston braut tilbake.
Settet gjekk til 6-6 og tiebreak. Der måtte Ruud på nytt melde pass. Peniston spela seg til fire matchballar, og greidde seg med ein. Han vann tiebreaket 7-2 og kampen 2-0.