Casper Ruud er seeda som nummer 8 i Australian Open, den første Gand Slam-turneringa i tennis i år. Seedinga blei offentleggjord i dag.
Det betyr at han slepp å møte dei beste motstandarane i dei første rundane.
Australian Open tek til måndag.
Verdseinar Novak Djoklovic er seeda på topp, men det er framleis usikkert om han får delta. Daniil Medvedev, Alexander Zverev og Stefanos Tsitsipas følgjer deretter.