Ruud opna Laver Cup med slitesiger

Les hele artikkelen

Casper Ruud slo amerikanske Jack Sock med 2–1 i sett i den aller første kampen i årets Laver Cup i tennis i London. Han gav samstundes Europa leinga 1–0 over verdslaget.
Ruud opna sterkt med å bryte Socks første serve, og var i føringa med 3–0. Han fekk meir motstand mot slutten av første sett, men drog i land sigeren med 6–4.
I det andre følgde Ruud og Sock kvarandre til 5–5. Då braut Sock Ruuds servegame, og vann settet 7–5.
Dermed gjekk kampen til tie-break etter dei spesielle reglane i denne turneringa. Der låg Ruud tidleg under med 0-3, men snudde med sju strake poeng og vann til slutt med 10–8.
– I eit tie-break er det berre nokre få poeng som skil, og i dag var marginane på mi side, sa Casper Ruud i eit intervju med arrangøren etter sigeren.
– Eg er veldig fornøgd med å hjelpe Team Europa til den beste starten vi kunne fått.
Laver Cup blir arrangert for femte gong. Europa har vunne alle dei fire første.