Noregs tennisstjerne Casper Ruud (23) har operert ut ei visdomstann som har skapt trøbbel for han i vår. No ventar ei grusturnering i Monte Carlo.
Ruud har sjølv delt bilete frå økta i tannlegestolen på Twitter.
Ruud uttalte etter finaletapet mot Carlos Alcaraz i Miami Open at han har slite med smerter i ei tann i ein periode.
Han droppa ATP 250-turneringa i Houston og prioriterte å fikse problemet. No ventar storturneringa på grus i Monte Carlo, ein Masters 1000-turnering, nivået under Grand Slam.
– No blir det nok eit par dagar med suppe. Beskjeden vi har fått, er at han skal ta det med ro eit par dagar. Dermed satsar vi på å reise til Monte Carlo søndag der han forhåpentleg ikkje skal spele før onsdag. Då får han eit par gode treningsdagar der nede, seier pappa og trenar Ruud til TV 2.