Casper Ruud er framleis nummer åtte på verdsrankingen i tennis, etter å ha rykka opp dit i førre veke. No ventar ei viktig storturnering i Paris.
Tennisproffen fra Snarøya har vore i topp ti dei siste sju vekene. Fredag tapte han kvartfinalen for italieneren Jannik Sinner i Wien.
Sinner tapte semifinalen i Wien, og er på plassen bak Ruud, som treng ein solid poengfangst dei to neste vekene.
Han er sjuande beste poengplukkar i år, men Sinner og fleire andre jagar bak. Målet er å ta seg til verdstourfinalen i Torino, der dei åtte beste i 2021 vere med. Finalen går frå 14 til 21. nivember.
Tysdag eller onsdag går Ruud i gang med Masters-turneringa i Paris. Han har walkover i 1. runde.
Neste veke ventar ein ny konkurranse i Stockholm.