Casper Ruud blir liggjande på 5.-plass på ATP-rankinga. Han held fram med det å halde Wimbledon-vinnar Novak Djokovic bak seg på rankinga.
Etter ein kort visitt på 6.-plass i slutten av juni, var Ruud tilbake på 5.-plass førre veke.
Casper Ruud tapte onsdag 1–2 i sett for argentinske Francisco Cerundolo og rauk med det ut av ATP 250-turneringa i svenske Båstad. Ruud vann turneringa i fjor.
Med siger i Båstad ville Ruud sikra 4.-plass og ny karrierebeste på rankinga.
På ATP-rankinga mistar ein poenga ein har sikra seg etter 52 veker, noko som betyr at Ruud mistar 160 poeng. Han held likevel spanske sjetteplasserte Carlos Alcaraz bak seg på rankinga.
Førre veke passerte Ruud serbiske Novak Djokovic på ATP-rankinga. Det sjølv om Djokovic vann Wimbledon, medan Ruud rauk ut i andre runde.
ATP valde nemleg å ikkje dele ut rankingpoeng etter at Wimbledon-arrangøren stengde ute russiske og belarusiske utøvarar frå å delta i Grand Slam-turneringa som følgje av Russlands invasjon av Ukraina.
PÃ¥ toppen av rankinga tronar framleis russiske Daniil Medvedev framfor Alexander Zverev og Rafael Nadal.