Det internasjonale friidrettsforbundet, World Athletics, forlengjer utestenginga av Russland. Det blei klart under forbundskongressen i dag.
Rune Andersen, leiar av arbeidsgruppa som skal halde auge med det russiske arbeidet mot doping, la fram sin rapport på kongressen.
Russland har vore utestengt i fleire år, etter avsløringane om systematisk dopingjuks. Andersen og hans gruppe skal følgje med på om landet greie å innføre godkjende antidopingrutiner, men vil enno ikkje godkjenne arbeidet.
Den fungerande leiaren av det russiske antidopingarbeide, Irina Privalova, var til stades på møtet, men makta ikkje å overtyde Andersens komité om at deira arbeid er kome langt nok.