Russiske klubbar og landslag utestengde neste sesong

Les hele artikkelen

Russland får ikkje stille klubbar i meisterligaen eller andre Uefa-turneringar neste sesong. Heller ikkje russiske landslag får delta i turneringar. Årsaka er krigføringa i Ukraina.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) offentleggjorde vedtaket måndag kveld.
Utestenginga er eit framhald av den som blei innført i slutten av februar for inneverande sesong. Då blei Spartak Moskva kasta ut av europaligaen, og Russlands herrelandslag fekk ikkje sjansen til å kvalifisere seg til fotball-VM i Qatar.
Uefa stadfesta også Russlands utestenging frå EM for kvinner i England i sommar. Portugal tek deira plass i meisterskapet.
I tillegg har Uefa bestemt seg for å avvise Russlands søknad om å arrangere EM for menn i 2028 eller 2032.