Danmarks tenniskomet Holger Rune (19) hoppar åtte hakk og er nummer ti på verdsrankinga etter sensasjonstittelen i Paris Masters søndag.
Plasseringa var offisiell då ATPs oversikt vart oppdatert måndag morgon. Det er første gong at Rune er blant dei ti best rangerte.
Dagen før slo han svært uventa tennisikonet Novak Djokovic i ATP1000-finalen i Paris. Han gjorde det etter eit comeback med settsiffera 3-6, 6-3, 7-5.
Sigeren gjer Rune til førstereserve i ATP-sluttspelet i Torino. Der er Casper Ruud kvalifisert i form av at han er godt innanfor dei åtte beste på rankinga. Sidan verdseinar Carlos Alcaraz har meldt avbod, steppar Rune opp på reservelista. Dansken får spele turneringa ved neste skade- eller sjukdomstilfelle i feltet.
Ruud er framleis nummer fire på ATPs rangering. Han var verdstoar etter finaletapet i US Open i september, men har sidan slite med forma og roke tidleg ut i fleire konkurransar. Sist veke vart det stopp i åttedelsfinalen i Paris Masters.