Tidlegare landslagstrenar Roy Johansen blir torsdag presentert som trenar for ishockeyklubben Manglerud Star på ein langtidskontrakt, melder TV 2.
Johansen vart leigd ut frå Vålerenga til Manglerud Star i slutten av februar, og har sidan vore ein del av trenarteamet til klubben.
Det meste tyder på at avtalen mellom partane blir permanent, sjølv om Johansen sjølv ikkje ønskjer å seie noko.
– Mange kjem til å få litt hakeslepp for vi skal presentere noko veldig spennande. Vi må få meir lidenskap inn, og skal få fleire og større sponsorar med på eit talentutviklingsprosjekt, seier MS-styreleiar Henning Thoresen.