Det måtte ekstraomgangar til for å skilje laga. Med ti minutt att leverte Emil Konradsen Ceide eit flott dribleraid og la inn i boksen.
Framfor mål sette Iver Fossum inn 3-2-scoringa som blei avgjerande.
Rosenborg var storfavoritt mot Kongsvinger, men 1. divisjonslaget viste at dei ikkje bør bli undervurdert.
Etter ein dryg halvtime styrte Eric Taylor inn 1–0 for heimelaget.
Isak Snaer Thorvaldsson stanga inn utlikninga fem minutt før pause.
Men Kongsvinger var ikkje ferdige med å overraske. Midtvegs i andre omgang sette Noa Williams inn 2–1.
Det gjekk lenge mot ein cupsmell for bortelaget, men med ti minutt att av ordinær tid sørgde Marius Broholm for ekstraomgangar da han scora etter eit flott forarbeid av Konradsen Ceide.
Kven Rosenborg møter i kvartfinalen blir trekt 10.00 på torsdag.