Stjernespissen Cristiano Ronaldo (37) la fram ønskjet då han tysdag snakka på ein galla i regi av Portugals fotballforbund.
– Eg håper å vere ein del av landslaget i nokre år til. Eg kjenner meg framleis motivert, og ambisjonane mine er høge. Mi tid på landslaget er ikkje over. Vi har mange unge spelarar med kvalitet. Eg skal vere med i VM, og eg ønskjer å vere med i EM, sa Ronaldo, ifølgje avisa Renascenca.
– Det er ikkje overraskande. Han har tidlegare sagt at han vil halde på til han er 40, seier NRKs fotballekspert Thore Haugstad.
Ronaldo er den mestscorande EM-spelaren i historia med 14 mål på 25 kampar.
– Eg trur han er oppteken av sitt eige ettermæle, og derfor jagar rekordar – bÃ¥de scoringar og tal pÃ¥ meisterskapsdeltakingar og meisterligakampar. Han vil prøve Ã¥ byggje pÃ¥ sie eigne rekordar sp lenge han har sjansen, meiner Haugstad.