Ronaldo om media: – Dei lyg

Les hele artikkelen

Det har versert ei rekkje rykte om at Cristiano Ronaldo ønskjer seg bort frå Manchester United. No svarer superstjerna i eit Instagram-innlegg på ein fankonto.
– Det er umogleg å ikkje snakke om meg ein dag, elles tener ikkje pressa pengar. Dei veit at viss dei ikkje lyg, så får dei ikkje merksemda til folk. Hald fram med å prøve. Ein dag får de nokre nyheiter rett, skriv Ronaldo frå den offisielle kontoen sin.
Både lokalavisa Manchester Evening News og Daily Mail skreiv torsdag at 37-åringen Ronaldo ikkje har gitt opp å skifte beite i sommar.
Ronaldo skulle etter planen vore tilbake på trening i starten av juli, men fekk ifølgje United fråvær av familiære årsaker. Det førte til at han droppa oppkøyringsturneen klubben hadde i Thailand og Australia.
37-åringen har eitt år igjen på kontrakten med United. I fjor sommar gjorde han comeback for klubben over eit tiår etter at han forlét han til fordel for Real Madrid.
Tysdag vart superstjerna avbilda på veg inn på Manchester Uniteds treningsanlegg saman med agenten sin Jorge Mendes. Uniteds managerlegende sir Alex Ferguson vart også sett køyrande inn portane.
Manchester United møter Atlético Madrid i Oslo laurdag, men det er ikkje venta at Ronaldo vil vere med på turen.