Det blir ingen skandinavisk hockey-finale i OL. ROC slo Sverige 2-1 etter straffeslag i den siste semifinalen, og skal møte Finland i finale søndag.
Etter ein mållaus førsteperiode sende Anton Slepysjev det russiske laget i føringa berre 15 sekund inne i midtperioden. Anton Lander signerte den svenske utlikninga etter 6.22 i siste periode.
Fem minutts tilleggstid blei resultatlaus, og kampen måtte avgjerast på straffeslag.
Der hadde Sverige lenge føringa, men ROC vann til slutt, då dei sette inn den avgjerande straffen på det åttande forsøket. Arseni Grisjuk blei matchvinnar, og sytte for det første svenske tapet i ein OL-semifinale for menn nokosinne.