Avaldsnes sikra seg plassen i Toppserien, trass i eit 2-1 tap mot TIL 2020 på heimebane søndag ettermiddag.
Det er fordi Riise og Avaldsnes-jentene hadde ein 2-0 siger å gå på frå det første oppgjeret på Alfheim.
Avaldsnes fekk ein tøff start på kampen då Sofie Tunes starta med å sende TIL 2020 i leiinga etter 18 minutt, før Ida Natvik utlikna drøye to minutt seinare med eit skudd frå distanse.
Etter 26 minutt spel tok bortelaget tilbake leiinga, då Ina Birkelund sikra mål nummer to for TIL 2020.
Det haldt likevel ikkje for Tromsø, som må gjere eit nytt forsøk på å krige seg til Toppserien i 2024.
Dermed enda det samanlagd 3-2 til Avaldsnes på heimebane i kvalifiseringsduellen.