Etter knockoutsigeren i hopprennet hadde Jarl Magnus Riiber ingen problem med å sikre seg sin sjette siger for sesongen, og sin 42. i karrieren.
Riiber gjekk ut 48 sekund før forfølgjargruppe, og kontrollerte langrennet. Etter 7,5 km hadde han auka til 1.03 minutt, og vann til slutt med 28 sekund.
Toar blei Vinzenz Geiger som rykka frå resten av forfølgjarane ved passering 8.3 kilometer.
– Eit skremeskot, sa NTB-kommentator Torgeir Bjørn om tyskaren si avslutning.
Espen Bjørnstad blei nummer 6 og nest beste nordmann.