Rekordpublikum på The Open

Les hele artikkelen

Rekordmange 290.000 golfentusiastar kjem til å kranse golfbana i St. Andrews i Skottland i juli. Det kom inn 1,3 millionar forspørslar om billettar, også det er rekord, skriv BBC.
80.000 vil vere til stades på treningsdagane frå 10. til 13. juli, og 52.000 på kvar av konkurransedagane 14. til 17.
Rekorden hittil er på 239.000 frå 2000 då Tiger Woods vann. I 2019 var det 239.500 til stades på Royal Portrush i Nord-Irland.
– Dette er fenomenalt, og minner oss på den vedvarande apellen golfsporten har, seier Skottlands førsteminister Ncola Sturgeon.
The Open er den tredje av fire major-turneringar, og den einaste som går i Europa. Årets turnering er nummer 150 i historia.