Reiten-mål i derby-siger

Les hele artikkelen

Guro Reiten scora utlikningsmålet då Chelsea halte i land 3-1-siger i byderbyet mot Tottenham og tok eit viktig steg mot engelsk seriegull.
Chelsea og Arsenal duellerer om gullet, og blåtrøyene leia med eitt poeng før helga.
Tottenham tok leiinga med eit sjølvmål av Sophie Ingle etter eit kvarter, og det såg ut som Arsenal kunne få ei handsrekning av sin nærmaste naboklubb.
Reiten ville det annleis. I det 27. minutt drog ho av ein motspelar og klinka ballen i motsett kryss.
Faren var ikkje over med det. Nokre minutt seinare pådrog Chelsea-keeper Ann-Katrin Berger seg raudt kort, og Chelsea måtte spele den siste timen i undertal.
Likevel greidde laget å avgjere. Sam Kerr scora leiarmålet i det 71. minutt, og Jessie Fleming fastsette resultatet på overtid.
Reiten blei bytta ut mot slutten, mendan Maren Mjelde aldri fekk kome innpå.
Julie Blakstad scora sitt første mål for Manchester City då laget forsvarte tredjeplassen med 4–0 over Leicester.