Regjeringa planlegg for Kina-tur

Les hele artikkelen

Regjeringa sine planar om å vere til stades under OL og Paralympics i Beijing har ikkje endra seg trass i oppblussinga av koronasmitte.
– Dersom pandemiavgrensingane ikkje blir så strenge at det ikkje er naturleg å reise, planlegg regjeringa å vere til stades både under OL og paralympiske leikar i Beijing, opplyser kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg i regjeringa til NTB.
Til Paralympics er det kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) som reiser. Det er førebels ikkje klart kva statsråd som reiser til OL.
MÃ¥ndag vart det klart at regjeringa i Sverige ikkje reiser til Kina. Ã…rsaka er koronapandemien, ikkje diplomat-boikott.
Tidlegare har land som Japan, USA, Australia, Storbritannia og Canada varsla diplomatisk boikott av leikane. Dei vil ikkje sende offisielle representantar til Kina.