Red Bull seier at dei vil vedta bota på drygt 70 millionar kroner for å ha brukt meir pengar enn dei hadde lov til i 2021-sesongen.
Formel 1 har eit tak på 114 millionar dollar som kvart lag har lov å bruke i løpet av ein sesong. Red Bull skal ha gått 1,8 millionar dollar over taket, noko som er definert som «lite regelbrot».
Red Bull godtar bota sjølv om dei meiner dei har halde seg innanfor taket. Konkurrentane meiner derimot at overskridingane var langt større enn 1,8 millionar. Dei meiner det må tøffare straffer til.
2021-sesongen var dÃ¥ Red Bulls Max Verstappen tok VM-tittelen framfor Mercedes’ Lewis Hamilton etter ein dramatisk innspurt i det aller siste løpet.
Nettstaden Talksport trur at Red Bull også kan få ei sportsleg tilleggsstraff, som å få redusert tid til å teste bilane og anna utstyr. Slikt er strengt regulert i F1-reglane.