Real Madrid gjekk sigrande ut av derbyet mot Barcelona. Nettkjenningar frå David Alaba og Lucas Vázquez gjorde at klubben frå Madrid vann sitt fjerde El Clásico på rad.
Sju minutt på overtid skåra Sergio Agüero sitt første mål i ei Barcelona-drakt, men det blei berre eit trøystemål for dei blå- og raudkledde heime på Camp Nou.
Dermed aukar presset på Barcelona-trenar Ronald Koeman. Etter ni kampar ligg katalanarane fem poeng bak Real Madrid på tabelltoppen, på ein 9.-plass.