Raudt kort to gonger – redda av VAR

Les hele artikkelen

Brasils keeper Allison fekk raudt kort to gonger i VM-kvalifiseringskampen mot Ecuador seint i går kveld, men spela likevel heile kampen.
Først fekk han det raude kortet for ei stygg takling etter 25 minutt, så for ei felling på overtid. Men i begge tilfella blei korta annullert etter VAR-gransking.
– Det må ha vore første gongen det har skjedd i fotballhistoria, sa Liverpool-keeperen, som la til at han var glad for VAR.
Det høyrer med til historia at begge laga i tillegg fekk ein mann utvist før det hadde gått 20 minutt.
Brasil er forlengst klar for VM, og Ecuador ligg godt an til å slå følgje. Brasil tok leiinga ved Casemiro etter berre seks minutt, Felix Torres utlikna eit kvarter før slutt.
Også Argentina er VM-klar frå før. I natt slo dei Chile 2-1 utan Lionel Messi. Angel di Maria og Lautaro Martinez scora Argentinas mål og reduserte Chiles sjansar til VM.
Uruguay slo Paraguay 1-0 og held den fjerde søramerikanske direkteplassen til VM.