Rasisme-bråk i britisk cricket

Les hele artikkelen

Ein kommisjon som skal granske skuldingar om grov rasisme i britisk cricket, har fått over 1000 meldingar den siste veka.
Tysdag fekk britiske parlamentarikarar høyre ei kjensleladd forklaring frå den tidlegare cricketstjerna Azeem Rafiq, som fortalde om korleis lagkameratar i ei årrekke overauste han med rasistiske kommentarar i garderoben då han spela for Yorkshire Country Cricket Club.
Rafiq hevda overfor kulturkomiteen i det britiske Parlamentet at rasismen i britisk cricket er «institusjonalisert», systematisk og til tider svært grov. Han fortalde om at grov ordbruk mynta på hans og lagkameratars pakistanske bakgrunn blei ein norm, som aldri blei utfordra av leiinga i klubben.
Etter Rafiqs framferd i Parlamentet har det strøymd på med nye skuldingar om rasisme i cricketsporten. Over 1000 personar har kontakta den uavhengige kommisjonen for likeverd i cricket (ICEC), ifølge BBC.