Chelseas avansement til FA-cupfinalen gjer at Manchester United går inn i eit vanskelegare kampprogram dei neste ti dagane og får to veker pause før siste ligakamp.
United og Chelsea skulle eigentleg møtest på Old Trafford 15. mai, men FA-cupfinalen gjer at kampen er framskunda til 28. april. Dermed skal United møte Liverpool (b), Arsenal (b) og Chelsea i løpet av ti dagar.
Det liker ikkje manager Ralf Rangnick.
– For oss er det ikkje bra, for vi har fleire skadde spelarar. Det hadde vore betre om kampen blei spilt to veker seinare, som opphavleg planlagt, seier tyskaren.