PSG knuste Real Madrid – klare for finale

Les hele artikkelen

Paris Saint-Germain høvla over Real Madrid, ved å vinne 4–0 i semifinalen i klubb-VM.
To enorme tabbar frå Raúl Asencio og Antonio Rüdiger i midtforsvaret gjorde at PSG leia med to mål før det var spelt ti minutt.
Fabián Ruiz blei seinare i omgang tomålsscorar.
Gonçalo Ramos gjorde audmjukinga komplett like før kampslutt ved å sette inn det fjerde.
I målfeiringa heidra han hans avdøde landsmann Diogo Jota, ved å gjere portugisarens kjende feiring, ved å sette seg ned og late som han spelar videospel.
I finalen møter dei Chelsea.