Positiv Bråthen-test var negativ

Hopplandslagssjef Clas Brede Bråthen testa positivt for korona etter at han kom til Beijing tysdag, men testen har i etterkant vist seg å vere negativ.
Bråthen var ein av to personar i Noregs støtteapparat som testa positivt etter at OL-flyet med mellom anna det norske langrennslandslaget, skiskyttarlandslaget og hopplandslaget landa i Beijing tysdag.
Onsdag morgon fekk han gladbeskjeden frå Olympiatoppens sjefslege Aasne Fenne Hoksrud om at testen likevel var negativ, fortel han til TV 2.