Portugal, Wales og Skottland tok seg torsdag kveld vidare i omspelet om to plassar i fotball-VM for kvinner neste år.
Alle tre venta lenge med sine sigersmål. Portugals 2-1-mål over Belgia kom i det 89. minutt. Både Wales (mot Bosnia) og Skottland (mot Austerrike) måtte ha ekstraomgangar for å vinne 1-0.
Omspelfinalene tysdag: Portugal – Island, Skottland – Irland og Sveits – Wales.
Dei to beste vinnarane, rangert etter gruppespel og omspelfinale, går til VM. Den tredje vinnaren går til vidare omspel mot lag frå andre erdsdeler i februar.
VM går i Australia og New Zealand i juli/august.