Porsche kjøper seg inn i Red Bull

Les hele artikkelen

Porsche skal kjøpe seg inn i Red Bulls Formel 1-lag. Det har blitt avslørt av ein offisiell søknad i Marokko.
Porsche AG og Red Bull GmbH må rapportere inn samarbeidsprosjektet sitt til konkurransetilsynet i 20 land utanfor Europa. I Marokko er ein slik søknad underlagt publiseringsplikt, noko som betyr at avtalen som lenge har vore hemmeleg, no er offentleg.
Det nye partnarskapet er likevel ikkje offisielt kunngjort enno, truleg fordi Det internasjonale bilsportsforbundet (FIA) ikkje har godkjent dei nye motorforskriftene for 2026-sesongen, skriv austerrikske Kronen Zeitung.
Søknaden avslører at Porsche varsla Conseil de la Concurrence 8. juli om at dei vil starte eit 10 år langt samarbeid med Red Bull som gir dei ein eigardel på 50 prosent i Formel 1-laget.
Dokumentet antydar at partnarskapet vil bli formelt kunngjort 4. august.
Red Bull leier både konstruktørmeisterskapet og VM med Max Verstappen. Nederlendaren har kontrakt med Red Bull ut 2028-sesongen.